Laget vart stifta 6. feb. 1984. Det møtte seks  personar. Likevel vart det semje om å starte eit kunstlag, Svelgen  
Kunstlag, og dei frammøtte danna eit interimstyre.
Kunstlag, og dei frammøtte danna eit interimstyre.
Formann : Johanna Midttun
Kasserar: Magni Lothe
Sekretær: Oddbjørg Øksnes
Styremedlemmar: Ivar Svensøy og Lisbeth  Løvset
Vara til styret: Kjellaug Sagebø
Kontingenten vart fastsett til kr 40,- . Fyrste  oppgåva til styret var å verve medlemmar og etter kort tid hadde lunstlaget 19  medlemmar.
Svelgen Kunstlag hadde si fyrste utstilling med  biletkunstnaren Kari Ryen (sambuar til Arvid Eikevik) 3. - 6. mai same år i  Småsalen på Samfunnshuset.Det vart selt eitt bilete, kring 100 personar såg  utstillinga.
I oktober var to frå styret utsendingar til  Kunstforeningenes fylkeskonferanse i Førde då Fylkeskunstlaget for Sogn og  Fjordane vart skipa.
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar