torsdag 20. januar 2011

Oppstarten

Laget vart stifta 6. feb. 1984. Det møtte seks personar. Likevel vart det semje om å starte eit kunstlag, Svelgen
Kunstlag, og dei frammøtte danna eit interimstyre. 
Formann : Johanna Midttun
Kasserar: Magni Lothe
Sekretær: Oddbjørg Øksnes
Styremedlemmar: Ivar Svensøy og Lisbeth Løvset
Vara til styret: Kjellaug Sagebø
Kontingenten vart fastsett til kr 40,- . Fyrste oppgåva til styret var å verve medlemmar og etter kort tid hadde lunstlaget 19 medlemmar.
Svelgen Kunstlag hadde si fyrste utstilling med biletkunstnaren Kari Ryen (sambuar til Arvid Eikevik) 3. - 6. mai same år i Småsalen på Samfunnshuset.Det vart selt eitt bilete, kring 100 personar såg utstillinga.
I oktober var to frå styret utsendingar til Kunstforeningenes fylkeskonferanse i Førde då Fylkeskunstlaget for Sogn og Fjordane vart skipa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar