mandag 28. februar 2011

Tilknyting

Svelgen Kunstlag står som arrangør for Sogn og Fjordane si vandreutstilling
 
                                 "Tilknyting"
 
Utstilllinga vert offisielt opna 
 
                                          fredag 4. mars kl 18 oo.
 
i Småsalen på Samfunnshuset.
 
Det er 16 kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane som deltek på utstillinga.
 
Difor er dette ei spennande utstilling som viser eit mangfald av ulike kunstartar  - 
alt  frå måleri, akvarell, teikning og foto -  til biletvev, instalasjonar og tresnitt.
 
Svelgen Kunstlag ynskjer alle velkomne til utstillinga og håpar at mange finn vegen oppom Småsalen  denne helga.
 
Opningstider:  
 
                        Fredag    4. mars  kl. 18 oo  -  20 oo
                        Laurdag  5. mars  kl. 11 oo  -  16 oo
                        Søndag   6. mars  kl. 14 oo  -  17 oo
 
I samarbeid med Bremanger Kulturkontor er alle 8. klassingane i kommunen inviterte til omvisning på utstillinga fredag.
 
Styret i Svelgen Kunstlag minner medlemmane om årsmøtet i Småsalen
torsdag 3. mars kl 18oo  der det vert høve til å sjå utstillinga. 

torsdag 10. februar 2011

Årsmøte 2011

Til medlemmer i Svelgen Kunstlag

Innkalling til årsmøtet 2011:

Svelgen Kunstlag har

Årsmøte i Småsalen på Samfunnshuset

Torsdag 3. mars 2011 kl. 18 oo
Vi tek årsmøtet då i samband med vandreutstillinga for
Sogn og Fjordane Fylkeskunstlag som
har offisiell opning i Svelgen fredag 4. mars.
Saksliste til årsmøtet:
1. Konstituering
2. Årsmelding 2010
3. Rekneskap ”
  1. Val – tre styremedlemmar – to varamedlemar – utstillingshjelp - revisor
  2. Kontingent 2012
  3. Val – utsending fylkesårsmøtet
  4. Øyratunet – kva er gjort og planar framover
  5. Det er interesse for eit kunstlag for heile Bremanger –
Vi tek dette opp til drøfting, eventuelt namnendring?
  1. Planar framover – orientering studiering/tur Tsjekkia –
nye turplanar ?
10. Svelgen Kunstlag eiga mail adresse – orientering
11. Æretsmedlemmar i Svelgen Kunstlag
12. Saker som kan komme til

Er det saker du vil ta opp på årsmøtet i kunstlaget må framlegget vere styret i hende seinast 15. februar.

Ynskjer alle medlemmane våre møtt til årsmøtet på Samfunnshuset 3.mars!
Vonar DU har høve til å komme!
For styret i Svelgen Kunstlag

Anne Turid Ljungren Magni Lothe
- leiar - - sekretæ


torsdag 20. januar 2011

Oppstarten

Laget vart stifta 6. feb. 1984. Det møtte seks personar. Likevel vart det semje om å starte eit kunstlag, Svelgen
Kunstlag, og dei frammøtte danna eit interimstyre. 
Formann : Johanna Midttun
Kasserar: Magni Lothe
Sekretær: Oddbjørg Øksnes
Styremedlemmar: Ivar Svensøy og Lisbeth Løvset
Vara til styret: Kjellaug Sagebø
Kontingenten vart fastsett til kr 40,- . Fyrste oppgåva til styret var å verve medlemmar og etter kort tid hadde lunstlaget 19 medlemmar.
Svelgen Kunstlag hadde si fyrste utstilling med biletkunstnaren Kari Ryen (sambuar til Arvid Eikevik) 3. - 6. mai same år i Småsalen på Samfunnshuset.Det vart selt eitt bilete, kring 100 personar såg utstillinga.
I oktober var to frå styret utsendingar til Kunstforeningenes fylkeskonferanse i Førde då Fylkeskunstlaget for Sogn og Fjordane vart skipa.

tirsdag 18. januar 2011

Forelesning om Praha

Onsdag 19. januar er det første kveld med forelsninger om Tsjekkia. Arrangør av dette er Svelgen Kunstlag i samarbeid med Bremanger Folkeakademi.
Foredragsholder er Espen Frøysland.

Tema for første kveld er Tsjekkisk historie og Tsjekkia idag. Alle forelesningene holdes på Realen kl 1900. Inngang fra baksiden.
Det vil i pausen bli salg av kaffe og kake

fredag 14. januar 2011

Vandreutstilling

I samarbeid med den kulturelle skulesekken vil det bli en utstilling på samfunnshuset  3.-5. mars. Fredag 4. mars er det ofisiell åpning av utstilling klokka 18.00
Dette er en utstilling vi får fra fylkeskunstlaget og det er arbeid av kunstnere fra hele fylket,

torsdag 13. januar 2011

Mailadresse

Svelgen kunstlag har fått ny kontakt adresse:
kunstlaget@live.no

onsdag 12. januar 2011